Velkomen til Verdibygg
- tillit bygd på fagkunnskap
Verdibygg AS er eit dedikert firma innan tilstandsanalyse, verditaksering, skadetaksering og byggteknisk rådgjeving. Me tilbyr tenester primært på Voss og nabokommunane i Sogn og Hardanger.
Lokalkunnskap og nærleik er viktig. I tillegg kombinerer me erfaring og innsikt i byggteknikk med oppdatert kunnskap om regelverk og eigedomsvurdering. Bedrifta er organisert i Byggmesterens Takseringsforbund (BMTF).
Me er to byggmeistrar med utdanning og autorisasjon som taktsmenn – med praktisk erfaring frå tømrarfaget og kontinuerleg fagleg oppdatering. Kvardagen vår består i å levera nøyaktige og pålitelege tenester som sikrar verdiar og tryggleik for kundane våre.
Kontakt oss for ein uforpliktane prat – og me fortel gjerne meir om kva me kan bistå med.
Me er her for å hjelpa!
Skriv inn e-post eller mobilnummer og me tar kontakt for ein uforpliktande samtale.
Eller ring direkte:
Håvard Kvarme Ure – 415 06 615
Bjørnar Een Helland – 977 53 265
Vår oppgåve:
– å ivareta verdiane dine
Når du kjøper våre tenester, vel du ikkje berre ein leverandør av takst – du vel ein kunnskapspartner. Me tek til oss ny kunnskap og jobbar kontinuerleg for å halde oss oppdaterte på nye reglar og standardar. Vår styrke ligg i kombinasjonen av å vera ærlege, gje forståelege forklaringar, og evna til å finne skreddarsydde løysingar tilpassa kvar enkelt kunde.
Tryggleik er den viktigaste meirverdien me tilbyr, og me sørgjer for at du føler deg ivareteken gjennom heile prosessen – anten det handlar om ei verditaksering, reklamasjon eller byggteknisk rådgjeving.