Skade og reklamasjon

– me hjelper deg når uhellet er ute

  • Reklamasjon bustad
  • Feil og manglar på bustad
  • Arbeid er ikkje utført etter kontrakt
  • Eittårs-kontroll
  • MSTR-rapport
mstr

Har du kjøpt katta i sekken?

Oppdagar du feil etter overtaking av bustad? Verdibygg er her for å bistå ved reklamasjonar. Me går inn og dokumenterer og vurderer feil og manglar, slik at du får rettvis behandling i møte med motpart. Me samarbeider med både advokatar og forsikringsselskap for å sikre at dine rettar vert ivaretekne.

Med oss på laget kan du framstå med autoritet, vera trygg på at reklamasjonsprosessen går rett føre seg, og at me gir deg den beste faglege støtta. Me har partneravtale med Bovena, som er spesielt aktuelt i forsikringssaker knytt til større skadar.

God dokumentasjon er grunnlaget for å nå fram med ein klage.

Slik hjelper me deg med reklamasjon

  • 1 Kontakt oss for å tinga tenesten
  • 2 Me avtalar dato og klokkeslett for synfaring.
  • 3 Synfaringa startar med ein enkel gjennomgang saman. Sjølve kartlegginga utfører me som regel for oss sjølve.
  • 4 Me utarbeider rapporten og sender deg som eit forslag. Eventuelle spørsmål, eller endringar vert gjort saman med deg før faktisk ferdigstilling av rapporten.