Verdi- og lånetakst for bustad

– sikrar verdi og kvalitet

Kva er verdien på eigedomen?

Ein verdi- og lånetakst er eit viktig verktøy for både eigarar og lånegjevarar. Me fastset både marknadsverdien og låneverdien på eigedomen.

Verditakst

Verditakst er ei vurdering av den faktiske marknadsverdien på eigedomen. Me tek omsyn til tilstand, plassering og standard for å gje deg ein realistisk marknadspris som reflekterer dagens eigedomsmarknad.

Lånetakst

Lånetakst er ei vurdering som banken brukar for å fastslå kor mykje dei er villige til å låna med sikkerheit i eigedomen din. For å sikra banken mot svingingar i marknaden, er lånetaksten ofte litt lågare enn verditaksten.

Med ein verdi- og lånetakst frå oss, får du eit trygt og påliteleg grunnlag for både kjøp, sal og finansiering av eigedomar. Kontakt oss i dag for meir informasjon!

Når tvilen er rydda til side er det lettare å ta gode val.

Slik går du fram for å få ein verditakst

  • 1 Kontakt oss for å tinga tenesten.
  • 2 Me avtalar dato og klokkeslett for synfaring.
  • 3 Synfaringa startar med ein enkel gjennomgang saman. Sjølve kartlegginga utfører me som regel for oss sjølve.
  • 4 Me utarbeider rapporten og sender deg som eit forslag. Eventuelle spørsmål, eller endringar vert gjort saman med deg før faktisk ferdigstilling av rapporten.